Siste nytt: Blue Horn Jazzband på Cylindra

Magisk kveld på Galleri Cylindra med Blue Horn Jazzband med utstilling av Peter Opsvik sine ikoniske kunstobjekt!

- Dette er noko eg kan leva lenge på, sa min gamle far på 86 år. -Ja, no kan du bli minst hundre år, sa den velrennomerte designaren Svein Asbjørnsen, kjend for fleire av møblane produsert av Håg, no eigd av selskapet Flokk. Jazzmusikarane i Blue Horn Jazzband forførte publikum med nydeleg musikk, mens vertskapet på Cylindra serverte reker og kvitvin. Saman med Peter Opsvik, Noregs fremste møbeldesignar gjennom tidene velkjend for mellom anna Tripp Trapp stolen, tok dei oss med på ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. Vakre tonar i den gamle møbelfabrikken på Tusvik rett ved fjorden er ei oppleving vi sterkt kan anbefale!