Møbelvandring i Sykkylven "Stressless 50 år" 2021

Velkomen til ein rundtur i lokal og norsk møbelhistorie mellom fjord og fjell. I tillegg til den faste utstillinga, Ver så god sitt! presenterer vi 50 år med Stressless. Kvilestolen som erobra verda med sin unike komfort.

Møbelvandring i Sykkylven

Stressless 50 år

I år er det 50 år sidan den verdskjende kvilestolen, Stressless, vart lansert av møbelbedrifta Ekornes i Sykkylven. Dette vert markert med to utstillingar i «møbelhovudstaden». På Møbelmuseet i Storgata får du sjå korleis kvilestolen har utvikla seg frå dei første modellane kom i 1971, til dagens modellar.

Berlihuset og Berliparken vert dagens Stressless-kolleksjon presentert. Du vil bli overraska når du ser variasjonsrikdomen i kolleksjonen som skal tilfredsstille behovet for kvile og avkopling for ulike menneske over heile verda.

Den velhaldne sveitservillaen på Berlihaugen midt i kommunesenteret er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Etter turen inne i det 125 år gamle huset, kan du setje deg ned i Berliparken og nyte innhaldet i møbelmontrane som står der.

Cylindra og Peter Opsvik

Galleri Cylindra held til i lokala til tidlegare Tusvik Møbelfabrikk, etablert i 1911. Vert på galleriet er tredje generasjon bedriftseigar, Kjellbjørn Tusvik. Det er Peter Opsvik sine Cylindra-produkt som har gjort galleriet kjent og beundra over heile verda. Ta ein tur til galleriet og opplev produkt med grenseoverskridande former. Lat deg fascinere av skap med namn som Lidenskap, Kunnskap, Klokskap og Fellesskap.

Utstillingane har felles opningstid: onsdag, torsdag, fredag, søndag frå 1200 til 1600 i perioden 20.6. til 15.8.21. Elles etter avtale.

Fellesbillett for alle arenaene kr 150,- for vaksne over 16 år. Born gratis.