100-års markering for designaren Ingmar Relling

Relling-jubileumet blei offisielt opna fredag 19. juni av møbelhistorikar Eldar Høidal. Hanna Relling Berg fortalde om sin far som menneske, og designar Svein Asbjørnsen presenterde Relling si betydning i møbelindustrien. 

Utstillinga på Berlihuset står frå 5. juni til 9. august, kvar dag frå onsdag til søndag kl. 12 - 16.

Det er i år 100 år sidan Ingmar Relling vart fødd. Relling er rekna som ein av dei fremste norske designarane gjennom tidene. Gjennombrotet kom med Siesta-stolen (1965) som var nyskapande på fleire område, og som var ein døropnar for norsk møbeleksport. Siestaen sette Norge på det internasjonale møbelkartet, og er innkjøpt av dei fremste musea i verda. Stolen er framleis i produksjon, hos LK. Hjelle i Sykkylven.  

Ingmar Relling er rekna som den første designaren som tok industridesign på alvor i fabrikkane sin overgang frå handverk til industri.

Møbelmuseet i Sykkylven finn det naturleg og ynskjeleg med ei 100-års markering for Ingmar Relling, dels for å heidre Relling sitt minne, men og for å rette søkelyset mot den innsatsen som har vore gjort, og som stadig vert gjort, med å sette Norge på kartet innan internasjonal ferdigvareindustri.

Møbelmuseet har sett ned ei gruppe som skal legge planar for, og følge opp markeringa.

 

Utstillingar 

Vi vil gjennomføre ei sommarutstilling i Sykkylven. Utstillinga vil stå i Berlihuset. I Møbelparken ved Berlihuset vil også montrane bli brukte. Utstillinga vart opna 19. juni og vert ståande til ut august.

 

Konkurranse

Vi har teke initiativ til ein møbelkonkurranse, spesielt retta mot yngre designarar. Målet er å inspirere og vere med på å få fram berekraftige idear som vi håper industrien kan dra nytte av.

 

Relling-seminar 

Vi vil gjennomføre ei fagleg samling for aktørar i møbelbransjen og tilgrensande verksemd der vi set fokus på utfordringane møbelbransjen har i dag, og kva vi kan lære av røynslene som møbelnæringa har hausta frå Ingmar Relling sine dagar og fram til i dag.