EN

Velkommen til Designvegen

Med storslått natur, høge fjell, djupe dalar og spektakulære fjordar ​vil Fylkesveg 60 frå Sykkylven til Stryn gi oppleving for auga, men også eit vidt spekter av aktivitetar og utfordringar. Sommar som vinter kan regionen by på fjellturar, sykling, golf, fiske i fjordar, fjellvatn og elvar - eller ein tur på ski eller til fots i dei majestetiske Sunnmørsalpane. Designvegen går også gjennom eit område med lange tradisjonar for design, mat, klede og møblar. På denne sida har vi samla noko av det vi har å by på langs denne vakre ruta.

 

Kart