Bronsealder, jernalder og vikinghistorie

Dei siste tiåra er det funne ei rekkje spor etter jarnalder-gardar i vår region. Dette er funn som er kome for dagen ved såkalla "maskinell flateavdekking" i sentrale jordbruksområde og som ikkje er synlege på markoverflaten. Dei mest omfattande undersøkingane er gjort på Aure i Sykkylven. Her er det funne spor etter omlag 20-30 hus. Det minste er berre 4 meter langt, medan det største er eit langhus på nærare 60 meter.

 

Om du tek ein liten avstikkar frå FV60 til Nordfjordeid anbefaler vi eit besøk på Sagastad, Vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet - eit av verdas største vikingskip. Lær om mystikk og ritualer, om store reiser i fantastiske skip, og om vår stolte kulturhistorie.