Den Trondhjemske Postvei

Fylkesveg 60 følgjer stort sett same trasé som Den trondhjemske postvei oppretta på slutten av 1700-tallet. Dei opprinnelege traséane er farbare mange stader mellom Stryn og Stranda, traséar det er fint å både gå og sykle på.

 

Ljøbrekka byr på ein flott tur langs den gamle ferdselsvegen mellom Herdalen og Ljøen i Stranda. Frå Herdalen er det ei bratt oppstigning med i alt 21 hårnålssvingar. Ein tur med historisk sus, med fine fjellvatn og fantastisk fin utsikt til Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.