Design- og møbelhistorie

Ein fellesnemnar for bygdene langs Designvegen er den over 100 år lange tradisjonen for designutforming og møbelproduksjon. Det såkalla «sunnmørske møbeleventyret» starta då den 16 år gamle småbrukarsonen Peter I. Langlo laga sin første stol på korgflettingskurs i Stranda i 1908. Eit par tiår seinare var P.I. Langlo's Fabrikker den største møbelprodusenten i Skandinavia med 120 tilsette. Suksessen smitta, og snart var det "møbelfabrikk i annankvar kjellar" på Sunnmøre.

 

I Sykkylven åleine var det på 1940- og 1950-talet godt og vel 120 møbelverksemder. Ekornes er fortsatt Nordens største møbelprodusent, og har med sin Stressless frå 1971 ein av dei mest kjende merkevarene frå møbelbransjen i dag. Ein annan kjend merkevare er Stokke sin Tripp Trapp-stol designa av Peter Opsvik frå Stranda. Det er den mest selde stolen i norsk møbelproduksjon med 10 millionar selde einingar. Andre kjende merkevarer er Siesta, vakker, estetisk og skulpturell i forma, designa av sykkylvingen Ingmar Relling og i dag produsert av LK Hjelle. Brunstad har sin velkjende Delta-stol, Formfin i Hundeidvik produserer solide og funksjonelle salongmøblar og Jarnes Møbler har treft godt med sine lette møblar i retrostil. På Galleri Cylindra i Sykkylven kan du oppleve nokre av dei mest særprega møblane Norge har å by på i fantastiske omgjevnader rett ved fjorden. Med Peter Opsvik-design kan du la deg forføre inn i ei verd der norsk natur og folkesjel vert spegla i desse unike objekta. Her finn du skap, stoler og bord med eit sterkt kunsterisk uttrykk.

 

Visste du at? På Ekornes sin fabrikk i Sykkylven kan det produserast 1500 Stressless stolar på éin dag. Tal tilsette i 2019 er 1.200 og omsetninga har dei siste åra vore på om lag tre milliardar kroner.

 

På Stranda ligg Slettvoll Møbler sin fabrikk. Slettvoll har utvikla eit eksklusivt merke innan møbel og interiør med eigne utsal i Norge og Sverige. På Stranda ligg også garderobeprodusenten Langlo, som også ligg i førstedivisjonen av norske interiørleverandørar. På Grodås i Hornindal har Ekornes produksjon av trekomponentar til sine møblar.

 

I Stryn ligg Tonning & Stryn med sine klassiske modellar, som representerer lange handverkstradisjonar, møblar med flammebjørk og eik, designa av velkjende norske møbeldesignarar.

 

Møbelmuseet, tidlegare Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS) er eit museum og dokumentasjonssenter for møbelindustrien i Noreg. Museet ligg i Sykkylven, og er ei avdeling under Stiftinga Sunnmøre Museum. Møbelmuseet har ei permanent utstilling som viser utviklinga i møbelindustrien.