Hovudstaden for skinke, laks og pizza

Stranda har lange og stolte tradisjonar innan næringsmiddelindustri, og er pr. i dag størst på pizza, skinke og laks.

 

Nasjonalt kompetansesenter for spekematproduksjon
Stranda kan på mange måtar kalle seg ein hovudstad for produksjon av spekemat, og har bedrifter som representerer  både breidde  (som Ole Ringdal AS), stor innovasjonskraft, god design, høgkvalitetsprodukt/eksklusive smakar  (Tind Spekevarer AS) og spesialisering t.d. spekeskinke (Grilstad AS, Stranda). Samla produksjon av spekemat pr. innbyggjar i Stranda er større enn i noko anna norsk kommune. Grilstad Stranda er lokomotivet i dette som einaste med riksdekkande distribusjon av eit breitt sortiment, og med ein marknadsdel 15 gongar større enn nestemann.

 

Ja, vi elskar pizza
Orkla Foods AS, avd. Stranda held marknadsandelen innafor segmentet, og kjem truleg til å få ein auke også i 2014, trass sterk konkurranse. I dag har fabrikken på Stranda ca. 160 tilsette og representerer ein svært viktig sysselsetjingsfaktor for kommunen.

Stabburet har fått tilført mange nye arbeidsplassar ved at lefseproduksjonen ved Lierne Bakeri AS er overført til Stranda. 

 

Sjømat til verda
Norsk Sjømat AS  er ein av dei største foredlarane av laks og aure i Noreg, og gruppa omset for om lag 1 mrd. NOK i året. Hovudprodukta er middagsporsjonar, sashimi/filet og røykte/garva/varmrøykte produkt.

Norsk Sjømat-gruppa sysselset i dag om lag 300 personar, og består i tillegg til Norsk Sjømat AS også av Vital Seafood AS som produserer olje og mjøl av bi-produkta frå laks.

Norsk Sjømat eksporterer produkta til over 30 land, og har ein eksportdel på 60%. Resterande del vert primært omsett til norsk daglegvarehandel, og noko til storhushald.

 

Småskalaprodusentar
Småskalaprodusentar lever i symbiose med dei store produsentane. Ein av desse (Slogen Mat) rapporterer om ein stor auke i produksjonen (50 % i 2014) og det same er venta for 2015. Eit anna døme er Gardskjøkkenet som produserer bearbeidde fiskeprodukt av høg kvalitet. Utfordringane er produksjonskapasitet og tilgang på produksjonslokale -  og også her rekruttering.