Om Designvegen

Designvegen (FV60) går gjennom Sunnmørsalpane, eit alpint fjellandskap frå Sykkylven til Stryn. 

 

Det er vegen du bør velje om du ønskjer flott utsikt over fjord og fjell. Du vil få oppleve ei naturskjønn rute med fleire kulturhistoriske høgdepunkt, med unik design- og møbelhistoria presentert mellom anna på Møbelmuseet i Sykkylven, fjellgardar som Øvreljøa i Hellesylt, lokalmat med ost og skinke frå Skinkerådhuset på Stranda, skulpturkunst på Anders Svor museet i Hornindal og norsk klesdesign i Stryn med Ricco Vero, Moods of Norway og Skogstad. 

 

Frå Storfjorden og Sykkylven går vegen opp på Strandafjellet på 430 moh. før ruta går vidare ned mot Stranda. På Strandafjellet kan du ta gondolen opp til Roaldshornet på 1230 moh. og nyte panoramautsikt utover Storfjorden. Vegen går vidare langs Ljøvegen til Hellesylt og vidare til Grodås og Stryn.