EN

Møbelmuseet

Møbelmuseet i Sykkylven er museet for norsk møbelindustri.

Møbelmuseet i Sykkylven er museet for norsk møbelindustri.

Velkommen til oss

Møbelmuseet i Sykkylven er museet for norsk møbelindustri. Det er ei av tolv avdelingar av Stiftinga Sunnmøre Museum. Museet viser utviklinga av møbelindustrien sidan starten i 1908 og  har dessutan ei fin samling av norske møbelklassikarar frå starten og fram til i dag.

Norsk møbelindustri har for ein stor del halde til på Sunnmøre. Industrien voks ut av verkstader i uthus og kjellarlokale. I heile perioden har ein hatt lang veg til både råvarer og marknader. Likevel var det i dette området dei dominerande møbelbedriftene voks fram. Sykkylven er i dag den dominerande møbelkommunen med produksjonsbedrifter og har i tillegg eit levande designmiljø.

Den faste utstillinga i Møbelmuseet viser utviklinga  frå produksjon av korgmøblar i kjellarlokale til våre dagars høgteknologiske industriproduksjon.

Her kan du sjå  kjellarverkstaden, dei heimelaga maskinane og dei kreative metodane som vart brukt for å lage først korgmøblar, seinare stoppmøblar etter europeisk modell. På femti- og sekstitalet skyt industrialiseringa fart. Då skaffar også norske møblar seg rom under omgrepet Scandinavian Design saman med danskar, svenskar og finnar. På denne tida blir produksjonen meir industriell og nye materialar som skumprodukt og lamineringsteknikk  gjer ein heilt ny møbeldesign mogleg.

På 1960-talet kom ei rekkje møbeldesign som til dels framleis er moderne og i produksjon, til dømes Siestastolen, designa av Ingmar Relling. På syttitalet kom barnestolen Tripp Trapp, designa av Peter Opsvik. Denne stolen, som veks med  barnet, dominerer framleis verdsmarknaden og er produsert i bortimot ti millionar eksemplar. På same tid kom Stressless-stolen frå Ekornes, som i sine ulike modellvariantar har selt sju millionar eksemplar sidan starten i 1971.

Utstillinga viser også verdas første møbelrobot og eit utval av dei mest kjende klassikarane blant norske møblar gjennom tidene.

Billetten gir også tilgang til Sykkylven naturhistoriske museum, som har dei same opningstidene og  som viser 250 fuglar og dyr frå  denne delen av Noreg.

Tilbud

Pris per pers

Kapasitet

Varighet

Kommentar

Åpningstider

Inngang Møbelmuseet

Vaksne: 60,-
Barn over tre år: 30,-

Billetten gjeld også for Sykkylven Naturmuseum

Tysdag, onsdag og torsdag kl 12 – 16
I sommarsesongen: også søndagsope.
Vi tilbyr omvisning i utstillinga.

Kontakt


Sjå kart over alle medlemmene i Designvegen