Aktivitetskalender

15. august

Ull innerst i sjela - Musikal Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Les meir
Innvik Ullvare 15.08.2020, 18.00-22.00

Ull Innerst i sjela er ein musikal skriven av Torstein Tvinnereim med musikk komponert av Jon Are Steen. Du blir tatt med på ei reise i industrieventyret som starta opp i Innvik 1890 og fram til ny fabrikk kom på starten av 70 talet. Historia er bygd opp slik at du blir kjent med menneska, både dei som faktisk jobba i fabrikken og dei vi har lagt til for å skape ein musikal full av kjærleik, dramatikk, utfordringar, humor, oppturar og nedturar.
Musikalen blir spelt i Gamle Innvik Ullvarefabrikk i Innvik. Fabrikken er Nord Europas største industritrevarebygning.
Rundt 40 aktørar vil vere deltaktige på scena.
Regi: Arild Bøe
Koreografi: Candice Bredesen
I hovudrollene: Eivind Kandal, Sandra Solheim Eide, Runar Walaker, Bernt Ragnvald Veddegjerde, Annette Lunde og Sølvi Nygård Haugen.

Kjøp billett her