Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Innvik, Stryn

Den store okermalte trebygninga ved fylkesveg 60 i Innvik står som eit vitnemål om eit av dei store industrieventyra i Vestlandsfjordane. 

Innvik Sellgren si historie går heilt tilbake til 1890 då Indvikens Uldspinderi blei grunnlagt av Innvikingen Wald P. Skaaden. Innerst i Nordfjorden i Stryn kommune starta familieforetaket med ull produksjon til garn, deretter til tøy og tepper. I 1961 blei den første kolleksjonen med møbeltekstiler presentert. Bedrifta var familieeigd fram til 1991, og har deretter hatt strategiske investorar og lokale eigarar.

 

Dei siste åra har den lokale Haugen-familien hatt aksjemajoriteten. Medan Arve R Haugen har ansvaret for norske industrikundar, sørgjer has tre søner, Bjørn Aage, Olav Rune og Geir for administrasjon og innkjøp. -Vi er først og fremst avhengig av å ha gode kundar. Vi har vore heldige og hatt ein veldig lojal og god kundebase på Sunnmøre. Godt kjende norske møbelprodusentar som Slettvoll, Ekornes og Brunstad har stått oss bi for å satse på kvalitet, seier Olav Rune Haugen frå sjefsstolen.