Skarbø Gardsmeieri og sideri

Stranda

Skarbø er ein tradisjonell, familiedriven Vestlandsgard som ligg ved Storfjorden på Stranda. I gardsmeieriet ystar dei av den gode, ferske mjølka frå kyrne deira og i sideriet lagar dei edle dråpar av nypressa eple.

Skarbø er ein tradisjonell, familiedriven vestlandsgard som ligg ved Storfjorden på Stranda. I gardsmeieriet ystar dei av den gode, ferske mjølka frå kyrne deira og i sideriet lagar dei edle dropar av nypressa eple.

 

Osten kan du smake på fleire hotell og restaurantar i regionen. Eller du kan ta turen innom og prøve både ost og sider i den koselege gardsbutikken på Skarbø.

 

Skarbø Gardsmeieri blei bronsevinnar i World Cheese Awards 2018.

Gardsbutikken på Skarbø har sommarope tysdag, torsdag og laurdag frå kl. 12.00 til kl. 16.00. 

 

Soleglad ost er vellagra fast ost ysta på fersk, upasteurisert mjølk frå garden. Frisk og fyldig i smaken - eit ekte mathandverk frå Stranda.

 

Ekte handverkssider av ferskpressa eple. 8 % alkoholinnhald. På Skarbø lagar dei sider av ulike eplesortar: Prinsar, Gravenstein og Utvalde sortar. Nydeleg til ost, fint følgje til mat, eller nytast som den er.