Møbelhovudstaden Sykkylven

Sykkylven

Det mangla ikkje på draumar då unggutane frå Sykkylven tok til å produsere møblar i kjellarar og uthus før, under og like etter siste verdskrig.

Møbelfabrikk i kvar kjellar

Eit hundretal møbelfabrikkar med underleverandørar, transportfirma og seljarar voks fram i løpet av den store grunderperioden rundt og under siste verdskrig. Dei fleste forsvann då gullalderen var forbi. Men nokre overlevde og voks ut av kjellarlokala og dei første enkle fabrikkbygningane. Dei skulle gjere Sykkylven til den store møbelkommunen i landet.

 

Marknaden

Det stod ikkje skrive i stjernene at det var på Sunnmøre den store konsentrasjonen av møbelfabrikkar skulle kome. Fabrikkane på Sunnmøre låg langt frå den store marknaden. Materialar måtte fraktast lange vegar - som oftast den same lange vegen som dei ferdige møblane måtte sendast tilbake - den krunglete vegen med båt, tog og bil til Oslo og byane på Austlandet. Den internasjonale depresjonen i tjue- og trettiåra ramma også landbrukskommunen Sykkylven. Mange ungdommar rømde frå arbeidsløysa heime og prøvde lukka i Amerika. Så sterk var utvandringa at talet på innbyggjarar gjekk ned med meir enn hundre i tiåret etter 1920. Dei unge som vart verande heime, let ikkje noko vere uprøvd når det gjaldt å skaffe seg eit utkomme. Møbelproduksjon hadde vore handverk. På gardane bygde dei sine benkar og bord med eigne hender eller dei sende bod på ein bygdehandverkar om dei hadde råd. I byen var det faglærde og godt betalte fagfolk i snikkarlauget som laga møblane. Dei hegde sitt fag og passa på at enkelte ikkje underbaud andre og pressa prisane ned. Noko særleg konkurranse mellom møbelprodusentane vart det ikkje før møblane frå Sunnmøre nådde forretningane i hovudstaden, skriv industrihistorikaren Eldar Høidal. Møbelprisen fall med 40 prosent etter at Sunnmørs industrien fekk fotfeste rundt 1920 og fram til 1935. Opp gjennom 1930-åra vart det etablert heile 144 møbelfabrikkar i Møre og Romsdal. Det tilsvarande talet for Oslo var 41. I 1951 var halvparten av dei som arbeidde i møbelindustrien frå Møre og Romsdal.

 

Kjøpte sin arbeidsplass

Det var mange grunnar til at Sunnmøringane kunne greie å halde låge prisar. Investeringane var små: kjellarbedriftene voks fram frå kjellarar og uthus. Likevel tok dei moderne serieproduksjon i bruk. Arbeidslause bondegutar var evig takksame for at dei fekk noko å gjere, om dei så måtte be om pant i slektningars gard og grunn for å kunne kjøpe seg den aksjeposten det var vanleg å krevje av dei som skulle få fast jobb. Lønna fekk dei ikkje før fabrikken hadde fått betaling for møblane og det var pengar i kassa. Arbeidarane budde gjerne gratis heime på gardane og arbeidde for maten. Dei første industriarbeidarane var opplært i gardbrukarens individualisme og idealet var å vere sjølvhjelpt med alt. I bondesamfunnet vart ein lært opp til mangesysleri, hardt arbeid og å ta vare på timar og minutt. Naturen gav matauk når det drog ut med lønna. Var det stillstand i fabrikken kunne ein alltids prøve å fiske middagsmaten sin i fjorden.

 

Tradisjonar

Sykkylven var etter måten tidleg ute med å kunne tilby elektrisk kraft til industrien. Med Møre Fylke Rutebåtar frå 1920 og Raumabanen fire år seinare, fekk landsdelen også et samferdselsnett som gjorde at fjordbygdene likevel ikkje låg heilt usentralt til. Her var lokale handverkstradisjonar å byggje på. Ole Erstad kom frå Verpesdalen i Norddal. Frå 1871 laga han senger, kommodar, stolar, benkar og bord som han selde til forhandlarar i Ålesund og Bergen. Sonen Johan O. Erstad heldt fram då faren gav seg. Han tok skrittet vidare frå handverkstradisjonen og eksperimenterte med rasjonell industriproduksjon. Mang ein bondegut fekk materialkjensle og fagkunnskap inn i nevar og hovud etter nokre månader som læregutar i verkstader som dette. Jens Ekornes var læregut ved korgvareverksemda til Andreas Riksheim, som hadde kome i gang i 1913. Ungguten Bernhard Tynes var ofte på besøk i verkstaden. Begge vart industrigründerar av format.

 

Gjennombrot

Det var 1929 som var det store gjennombrotet for moderne industriproduksjon i Sykkylven. Ikkje mindre enn tre korgvarefabrikkar såg dagens lys. Alle tre var selskap av arbeidaraksjonærar og satsa på moderne industrimetodar: serieproduksjon og akkordarbeid. I 1930 hadde Sykkylven åtte trevarebedrifter. I 1939 hadde talet vakse til 17. Av desse var 13 underleverandørar til møbelindustrien. I same tidsrom auka sysselsettinga i møbelindustrien frå 68 til 403 tilsette.

 

I Sykkylven åleine var det på 1940- og 1950-talet godt og vel 120 møbelverksemder. Ekornes er fortsatt Nordens største møbelprodusent, og har med sin Stressless frå 1971 ein av dei mest kjende merkevarene frå møbelbransjen i dag. Andre kjende merkevarer frå Sykkylven er Siesta, vakker, estetisk og skulpturell i forma, designa av sykkylvingen Ingmar Relling og i dag produsert av LK Hjelle. Brunstad har sin velkjende Delta-stol, Formfin i Hundeidvik produserer solide og funksjonelle salongmøblar og Jarnes Møbler har treft godt med sine lette møblar i retrostil. På Galleri Cylindra i Sykkylven kan du oppleve nokre av dei mest særprega møblane Norge har å by på i fantastiske omgjevnader rett ved fjorden. Med Peter Opsvik-design kan du la deg forføre inn i ei verd der norsk natur og folkesjel vert spegla i desse unike objekta. Her finn du skap, stolar og bord med eit sterkt kunstnarisk uttrykk.

 

Visste du at? På Ekornes sin fabrikk i Sykkylven kan det produserast 1500 Stressless stolar på éin dag. Tal tilsette i 2019 er 1200 og omsetninga har dei siste åra vore på om lag tre milliardar kroner.

 

Langs Designvegen, er i tillegg til garderobeprodusenten Langlo og Slettvoll Møbler på Stranda, Ekornes sin produksjon av trekomponentar på Grodås. I Stryn ligg Tonning & Stryn med sine klassiske modellar, som representerer lange handverkstradisjonar, møblar med flammebjørk og eik, designa av velkjende norske møbeldesignarar. Lengst inne i fjorden ligg Innvik Sellgren, som i over hundre år har produsert tekstilar av høg kvalitet. 

 

Møbelmuseet, tidlegare Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS) er eit museum og dokumentasjonssenter for møbelindustrien i Noreg. Museet ligg i Sykkylven, og er ei avdeling under Stiftinga Sunnmøre Museum. Møbelmuseet har ei permanent utstilling som viser utviklinga i møbelindustrien.