Opplevingssenter for møbelhistoria

Stranda centre

Eit heilt nytt opplevingssenter for møbel- og industrihistoria på Stranda blir utvikla no, og vi håpar på opning hjå P.I. Langlo i Stranda sentrum sommaren 2020.

Eit heilt nytt opplevingssenter for møbel- og industrihistoria på Stranda vert utvikla no, og vi håpar på opning hjå P.I. Langlo i Stranda sentrum sommaren 2020.

 

«Strandaindustriens historie» er namnet og det er sett saman eit styre med Reidar Lunde som leiar og Anders Adolfsson, Kjell Opsvik, Helge Søvik og Sveinung Ørjasæter som medlemar.

Helge Søvik og Reidar Lunde har samla mange godbitar frå møbelindustrien til den planlagde utstillinga, mellom anna ein dokumentarfilm frå møbelproduksjonen på Langlo. Dei har fått lovnad om å leige eit 600 kvadratmeter stort lokale i P. I.-bygget, som for ein del år sidan inneheldt Ekornes sin sofafabrikk. Her tek dei sikte på å samle produkt frå industrien: bildemateriell, filmar, bøker, artiklar og anna som samla kan illustrere utviklinga, alt frå det første kraftverket vart sett i drift i Storelva til den moderne industriproduksjonen i Stranda kommune i dag.